Bogeskyting

Om du er liten og tynn, eller stor og sterk, kan vi i år tilby deg å prøve ut ein idrett som passer for alle. Du treng verken musklar eller kondisjon for å bli god med pil og boge. Kvinnherad buejegerklubb stiller med boger og blink. Vi vil herved invitera deg til eit kjekt kurs, med engasjerte folk frå den lokale klubben. Kanskje er det akkurat du som treff blink på FestidaGen i år.

Leiar: Terje Bakke
Alder; 11-15 år, maks 8 stk.
Gruppetid vert tildelt etter påmelding.
Stad; Uskedalen kunstgrasbane.
Tid; Fredag 12.00-13.30 14.00-15.30
Pris; 100kr (gratis for13-18år med dagspass)