Festuranten

Etter ein travel turnévår rundar Anders Totland av sesongen med ein forrykande festaurantkveld i Uskedalen. Etter ein tapper innsats under Festitaren 2016 er han tilbake på Festidalen-programmet, men denne gongen i meir komfortable omgjevnader. Til årets festival har Anders kvessa kokkeknivane, og er klar for å læra vekk dei beste kokketriksa sine. I tillegg til å vera forfattar, er nemleg Anders utdanna kokk. I tillegg til matspalta Digg, skriv han om matauk på bloggen «Frå hage til mage» og har gitt ut kokeboka «Digg». På denne gruppa får du læra deg å laga ei rekke smaksrike og overraskande rettar, som du kan imponera både mor og potensielle kjærastar med seinare. Dagen blir avslutta med at deltakarane får invitera med seg seniorar, som får seg ei oppleving smakslaukane seint vil gløyma.

Leiar; Anders Totland
Alder; 12-18 år, maks 12stk.
Stad; Helgheim kjellaren
Tid; Tors kl.13-ca.19 (Lunsj inkludert)
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagspass)