Intstrumentbygging

Liker du å laga lyd, og å laga ting av forskjellig verdilaust materiale, så bli med Gøril og lag dine eigne instrument. Her kan du for eksempel få laga ditt eige trommesett, eller kva med eit tommelpiano? Instrumenta lagar du av røyr, ballongar, tre lokk, pinnar osv. For dei minste barna på denne gruppa kan det vera lurt, og veldig kjekt å ha med seg mamma/pappa eller kanskje ei dadda….

Leiar; Gøril Skeie Sunde
Alder; 6-12 år, 1.gruppe, maks 10 stk. (Fint viss dei minste tar med ein vaksen som kan hjelpa dei)
Stad; Uskedalen Skule
Tid; Torsdag; kl.10.00-12.00
Fredag; kl.10.00-12.00
Pris; 200kr