Marimba

Liker du energiske rytmar og å draume deg vekk til Afrika? Då er dette workshopen for deg. Her får du nemleg spele på ekte marimbaer frå Zimbawe. I 2015 flytta Mauricio Weimar frå Brasil til Kvinnherad. No jobbar han i Kvinnherad kulturskule. Der underviser han i el.gitar, el.bass, gitar, band, trommer og marimba. Denne mannen speler alt frå klassisk musikk på fele til havy metal i band, eit ekte multitalent. Maurìcio tek i år som i fjor med seg fem marimbaer til Uskedalen. Desse er må så heldige å få låne av Kulturskulen, slik at du skal få oppleve ekte musikkglede. Gjer deg klar for heftige rytmar i FestidaGen sitt marimbaorkester.

Leiar; Mauricio Weimar
Alder; 10-12 år, 1 gruppe, maks 5 stk 13-18 år, 1 gruppe, maks 5 stk
Stad; Uskedalen skule
Tid; Fredag: kl.12.00-13.30 (10-12 år) og kl. 14.00-15.30 (13-18 år)
Lørdag: kl.09.30-11.00 (13-18 år), og kl. 11.30-13.00 (10-12 år)
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)