Pimp my bike

På denne gruppa får du bli med på å dekorera gamle syklar, som skal vera med å pynte opp i festivalbygda. Har du lyst kan du og ta med deg din eigen sykkel å «pimpe» den. Me vil dekorera syklane ved bruk av maling, tråd og anna stæsj som kan gje eit knall-kult resultat. Her er ei kreativ utfordring i årets festidaGen-program.

Leiar: Gina Ness Valvatna og Edel Legland.
Alder; 9-18 år, (barn under 9 år kan koma i fylgje med ein vaksen)
Stad; Ute ved Uskedalen aktivitetshus.
Tid; Onsdag kl. 10-14 (Inkludert lunsj)
Pris; 100kr (gratis for 13-18år med dagspass)