Redesign

Dette er gruppa for deg som er kreativ og idérik, og som liker mote og klede. Redesign er «inn» og ein sparer miljø og pengar. På denne gruppa lærer du deg å sy nye designplagg av gamle klede. Det handlar om å sjå moglegheita i det ein har. Du vil få god hjelp frå kyndige instruktørar. Under FestidaGenshowet på laurdag får ein visa fram plagga i eit lite moteshow (om ein vil).

Leiar; Beate Solem Røssland m.fl.
Alder; 11-18år 1 gruppe,
Maks 8 stk.
Stad; Uskedalen skule
Tid; Torsdag kl.15-19 og Fredag kl. 11-15 (Lunsj inkl.)
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)