Yogaleik

1Yoga er balanserande og styrkande både for kropp og sinn. Marte har dreve mykje med yoga sjølv, og med yoga for barn. Ho er barnehagelærar, og er sertifisert «Yogadance for kids and parents» instruktør. I 2015/2016 tok ho yogalærarutdanning i Viryayoga. Ho skriv til FestidaGen at yoga gjev meg eit pusterom i kvardagen, og glede og ro. Dette har eg lyst til å vidareformidla gjennom å tilby born i ulike aldrar yogaleik. Yogaleik er på borna sine premissar og me lærer yogastillingar gjennom eventyr, song, dans og ulike leikar. Me vekslar og mellom å vera i aktivitet og slappa av. Bli med då vel!

Leiar; Marte Bakke Alder; 3-5 år med foreldre, maks 10 stk 6-9 år, maks 10 stk
Stad; Oppe i Helgheim
Tid; Fredag; kl. 16.30-17.30 (3-5 år)
kl. 18.00-19.00 (6-9 år)
Pris; 100kr