Julie Bergan

IMG_2715Julie Bergan. 22 år. 100 millionar streams. Har varma opp for Justin Bieber i både Noreg og Spania. Har opptredd med Tinie Tempah. Har sjarmert publikum gjennom tv-ruta i program som mellom anna Senkveld og Lindmo. Denne unge og enormt talentfulle artisten har alt oppnådd mykje. Men dette er berre byrjinga! Hitar som til dømes ’Arigato’, ’Blackout’ og ’All Hours’ er alt etablerte internasjonale fenomen. På scena boltrer Julie seg i enorme mengder energi og sjarm. På med dansesko!