8. mars 2019

Miss Tati, Moyka og Iris

I høvet kvinnedagen fell det naturleg å sleppa tre nye kvinnelege artistar. Miss Tati kjem attende for å senda heile jordet ut i deileg dans. Iris og Moyka kjem for å visa oss kor herleg framtida ser ut. Dette er artistar som kjem til å opne auger og øyrer i både inn- og utland. Noko dei alt er godt i gong med. Og 2019 er året dei verkeleg hever stemma, stjeler mediebilete og drar publikum til scenekanten. Iris og Moyka er den nye vinen, Miss Tati er ein gledesspreiar ein treng hyppig påfyll av. Frå før har Festidalen Highasakite og Gåte på plakaten. Band fronta av dei tøffaste jentene i klassen. I år som i fjor stiller omlag halvparten av banda med kvinner i fokus.

Damene er best i klassen. Ingen tvil. Ingen plass i verda står musikk skapt av kvinner sterkare og betre posisjonert enn i hos oss i nord. Våre jenter vil mest, kan mest og er best. Festidalen skal, og vil bruka kreftene på kvalitet og tidas rørsler. Dei tre namna me slepp i denne samanhengen er reinspikka kvalitet og kommande bølgeskaparar i dagens musikkfauna. Dette har overhovudet ikkje noko med kvotering å gjera, kun fornuft.

Sjølv om Iris berre er 22 år, så er det fire år sidan bookingsjefen såg og høyrde ho første gang. Då i eit band. Sidan har han følgt med på hennar arbeidskrevande veg. Og no er ho der, og tar trampolinesats ut i det internasjonale søkelyset. Ho er alt ein snakkis i det store musikkmiljøet, og varmar for tida opp for Aurora. Og Geir Luedy, mannen bak Aurora og Sigrid, er no mannen bak Iris. Første singel havna rett på P1, P3 og P13, samt svensk radio. Vanvitig fin og smart moderne elektropop!

Moyka slepp sjølvsagt sin første singel på kvinnedagen! Og det etter braksuksess på by:larm forrige veke. Der heile musikknoreg fekk augene opp for denne skatten. Ho produserer musikken sin sjølve. Dette er purungt og ubeskjedent, men balansert av kløkt og eit imponerande modent talent.

Det er i gledens namn me endeleg får Miss Tati tilbake til Festidalen. Den stemninga me opplevde sist ho spelte og dansa for oss, kjem me aldri til å gløyma. Og no, med nokre milliardar konsertar i bagasjen, er ho betre enn nokon gong. Ho er angolsk, portugisisk og norsk. Musikken er Hiphop, soul og RnB. Vibrerande kombinasjonar for deilege sommarnetter. Eg veit at dette vert høgdepunktet for mange i publikum.