29. februar 2024

Timbuktu opnar Festidalen 2024

Timbuktu er tidenes viktigaste og mest populære hiphopartist i Skandinavia. Og no kjem han for å opna fredagen på Festidalen. Han frelste Dønhaug i 2016, og returnerer for å gjera vatn til vin og fylla sure kjeftar med farin. Aldri før har me hatt ei slik opning på festivalhelga!

Konserten i 2016 er ein av dei absolutt feitaste me har hatt i Festidalensoga. Den heng heilt der oppe saman med Maradonna og Muhammad Ali. I år køyrer me perfekt festivalstemning frå første anslag, og så dansar me oss gjennom heile denne to-dagars feelgood-maratonen. Timbuktu gjer ein av særs få konsertar i landet dette året.