FAGERNES YACHT KLUBB

Det er ikkje ofte Festidalen hyrer inn coverband. Det kjem heller ikkje til å bli ein ny trend. Men med Fagernes Yacht Klubb tilgjengelege, kjendes det rett og slett som umogeleg å motstå. Dette er tidenes partydrink! Ein stor dose lettbeint synth, ein dæsj frekk gitarsolo, ein heil del småerotisk saksofon, ein neve pulserande bass, ein god kvast nydeleg koring og euforisk allsong. Alt dette shaka med ei solid 70-80tals-kraft. Her vert det sydenkjensle, opne skjorter og ein lang og svett hit-parade. Frå Lionel Richies ”All Night Long”, via Journeys ”Don’t Stop Believing” til Toto sin ”Africa”. Framført av høgt elska musikarar som Miss Tati, og medlem frå Kakkmaddafakka og The New Wine.