Uskedalen, 29. juni - 02. juli 2018

Fanny Andersen

Fanny Andersen, ei stigande stjerna med framtida i si røyst! Utan verken plateselskap eller management i ryggen klaska Fanny debutsingelen ”KIDS” i bordet seint i 2016. Og med det var mykje gjort. Musikkbransjen sikla i beundring for det sinnsjuke talentet. Alle vil ha ein bit av Fanny. Og på Festidalen får du oppleva dette fenomenet i full prakt! Følg med , dette er ein artist med eit enormt potensiale. Kommande norsk dronning av EDP (Electronic Dance Pop).