GÅTE

Endeleg er tida er inne for at rock og folkemusikk smeltar saman på Dønhaug. Gunnhild Sundli si enorme stemme, broren Sveinung si fele og det pulserande rockebandet bak dei har sidan starten av 2000-talet blitt hylla og heidra over heile Skandinavia. Det er nettopp denne bindinga mellom den hypnotiske hulderstemma, den forlokkande og fandenivoldske fiolinen og rocken som sender publikum ut i syndig dans. Dette er trolsk, storslått og rått. Medrivande og mektig. Sjå fram til hits som «Sjå Attende», «Kom no Disjka» og «Bannlyst»!