HALIE

Halie er Bergens nye popkomet. Ho vert samanlikna med Sigrid og AURORA, og er under vengene til det same, dyktige managementet. Halie skriv låtane sjølv, noko ho seier ho må for å klara å meina det. Denne 17 åringen er ikkje som alle andre. Ho går framleis på vidaregåande, men har likevel rukket å begeistra nasjonal og internasjonal musikkpresse. For berre dagar sidan var ho også å sjå på Skavlan. Dette talentet kjem til å nå himmelhøgt.