HIT FOR HIT

Tv-showet Hit for hit har tatt steget frå studio til live-scena, noko som har blitt ein megasuksess med utselte hus landet rundt. Karakterane frå NRK-serien blir no å oppleva i levande livet som opningsnummer fredagen.

Det er komikarkompisane Jakob Schøyen Andersen og Fridtjof Stensæth Josefsen, også kjend frå Kollektivet, som har skapt denne mockumentaren om musikk og musikkbransjen. Parodiane sparkar mot alle sjangrar og alle roller, og treff både musikkinteresserte og kvarmannsen. Det går frå det heilt latterleg grapsne russelåtharselaset, til syrlege blikk mot både hiphop’en, rocken, alt som er «inn», og utfordringar for barneartistar som møter puberteten. Alt gjort med sjarm, kløkt og ei tønna med idioti.