Uskedalen, 29. juni - 02. juli 2018

Hkeem

Hkeem aka Abdulhakim Hassane er ei ny og funklande stjerna på den norske musikkhimmelen. Og han rasar fram i sporet for å erobra skandinavias øyrer. 2017 har vore Hkeem sitt år. Hiten ”Fy Faen” er alt snurra over 30 millionar gonger på Spotify, trass den korte tida den har vore tilgjengeleg! I tillegg til å havna på viral-lista i 12 land og topp 10 på den globale viral-lista! Dette er lydsporet til søte kveldar og gode stunder, rytmar til vorspiel, fest og nachspiel.