LARS VAULAR

Lars Vaular er eit kraftsenter i norsk hiphop. Ein hylla hitmaskin. Duden sel ut salar og festivalar landet over. Radio og tv elskar han. Publikum elskar han. Og Festidalen elskar han. Til sommaren lovar han å levera tidenes show i Kvinnherad. Tidlegare har Vaular vunne hedersprisen på P3 Gull og Spellemannsprisar i fleire kategoriar. Lars pusher grenser, tar sjansar og er ein kompromisslaus kunstnar. Få avsluttingskonsertar på Øya har fått meir positiv merksemd enn den han gjorde i fjor. Og i april skal 10 år med hits og stor kunst feirast med eit gigantisk show i sjølvaste Oslo Spektrum. Ein legende verdig.