MISS TATI

Det er i gledens namn me endeleg får Miss Tati tilbake til Festidalen. Den stemninga me opplevde sist ho spelte og dansa for oss, kjem me aldri til å gløyma. Og no, med nokre milliardar konsertar i bagasjen, er ho betre enn nokon gong. Ho er angolsk, portugisisk og norsk. Musikken er Hiphop, soul og RnB. Vibrerande kombinasjonar for deilege sommarnetter. Me veit at dette vert høgdepunktet for mange i publikum.