REAL ONES

Real Ones er eit av dei banda du berre må sjå live. Noko Dagbladet stadfestar, og kåra dei til  «Noregs beste liveband». Det er pop og det er folkrock. Det er leikent og rutinert. Det er fleirstemt og fleirfoldig. Men mest av alt, smellvakkert! Klin deg inn med solkrem, rull eit strå inn i munnviken og ein smørblom bak øyra, Real Ones har nemleg kvasse planar om å pusha livskvaliteten til maks!