Store P

Store P slepp ny singel i vår! ”Husk å puste” er tredje singel i år, og ein sommarbris av ein låt. Rapparen frå Fyllingsdalen slo igjennom med albumet ”Regnmannen” i 2014. Samtlege av dei største media i landet gav toppkarakter, og duden drog med seg ein velfortent Spellemannpris for jobben. Seinare i år kjem den  etterlengta plata ”Rommet”. Festidalenpublikummet kan venta seg både ferskvare og gammal moro. Attituden er rå, tekstane treffsikre og soundet sensuelt og heftig. Smud og sexy.