5. desember 2019

AURORA!

Første sjans til å oppleva AURORA på ei scene i Hordaland i 2020, vert på Dønhaug! Det er også den einaste festivalen ho gjer i fylket dette året. Eventyrleg og eksklusivt!

AURORA er framleis berre 23 år. Likevel har ho alt blitt streama over 200 millionar gonger, fått hylla full av prisar, og lagt land og utland for sine føter. Og ho er berre såvidt i gong. AURORA er eit vokalt, musikalsk og kunstnarisk talent Noreg aldri har sett maken til. Unik. Underleg. Og ulovleg dyktig. Dette er elegant elektronisk pop- for lyse sommarkveldar. Høyr deg opp på til dømes «Running with the Wolves», «Runaway» og «The River» før me møtes på Dønhaug. AURORA er ikkje blyg når ho går på scena. Ho vil skrika musikken. Dansa den. Og invitera publikum inn i sin verden.

Dei første penselstrøka på plakaten er utført. Og med Gabrielle og AURORA malar Festidalen seg mot ei nydeleg festivalhelg i juni. Det er godt å tenka på no i mørketida.

Billettane er i sal frå i dag av, og det til tilbodspris! DET er ein julepresang som passar alle. Kjøp ein til deg sjølv også.