23. desember 2019

BLACK DEBBATH OG KJARTAN!

Sjølvsagt skal rap og rock runga over sommarjordet på Dønhaug. Og det på festlegast mogeleg vis. Kjartan Lauritzen er ein av landets mest positive stemningsskapar. Sogningen har, trass sin unge alder, alt rukke å bli definisjonen på helg, vorspiel, fest og nachspiel. Gir deg opp med bængers som «Fredag», «Porno», «Fenomenet» og «Havanna». Låtar som kastar kva helg som hels inn i rett bane.

Black Debbath har i to tiår skapt begeistring, latter, galskap, og rockeriff frå ei anna verd. Humor og headbanging i søt elskov. Reinspikka kvalitet og frisk kødding med politikk og alt levande og dødt. Sjølv meiner dei at verda står i brann, og at einaste helande kraft er deira karismatiske rock. Me er samde! Dette er først og fremst råbra rock. Men ingen band kler rocken opp i meir underhaldande drakt enn i Black Debbath. Sett på «Den Femte Statsmakt», «Tons of Rock», «PILS!» og «Problemer Innad i Høyre». Det løftar fram både smil og sjølvkjensla.

Med Gabrielle, AURORA, Black Debbath og Kjartan Lauritzen på plakaten luktar det deileg sommarfest lang veg. Årets superheite julegåvetips er altså berre klikk unna! Billettane er ute på juletilbod, så røsk med deg ein til nokon du verkeleg er glad i.