18. juni 2019

CAMP LIFE

Vi i Festidalen ynskjer dykk velkomne til festivalcampen og ei fantastisk helg blant Uskedalen og Kvinnherads mektige fjell. Vi skal gjere det vi kan for at de får eit triveleg opphald på campen vår. Som alltid når mykje folk samlast, er det best å ha nokre reglar å styre etter, ver difor snill og les gjennom punkta under.

Det vert eigne soner for parkering, campingvogner/bubilar og telt.
Vi kjem til å vera tilgjengelig på campen stort sett heile helga. Om du lurer på noko i forkant, eller under festivalhelga må du berre ta kontakt, så skal vi etter beste evne prøva å hjelpa deg.

INFORMASJON TIL DEI AV DYKK SOM YNSKJER Å HA MED CAMPINGVOGN

Campen ligg like nedanfor festivalområde. For å kome seg ned, må ein kjøre ned ein grusveg og over ei bru. Vi anbefaler derfor ikkje dei med store vogner å nytte campen. Ved større vogner får ein problem med svingen ut på brua.

STRAUM/VATN

Det vil bli lagt ned straum til campområde. Skap for tilkopling vil stå ved brua. Vi har tilgjengelig ein del skøyteleidning, men det kan vera lurt å ta med eigen. Reint vatn finn de i eige område ved campteltet. Det anbefales ikkje å drikke av elva.

BUTIKK

Sparbutikk ligg på nedsida av riksvegen, ca. 10 min. gåtur frå campen.

Billett

Den kjøper du her. For å kunne kjøpe billett til campen må du også ha dagspass/festivalpass. Er du skikkelig lur så stoppar du på festivalkontoret og veksler inn billett i armband før du kjører inn på campen #enkeltoggreit
Festivalkontoret finn du i Gamleskulen ved butikken.

OPNINGSTIDER Festivalkontor:
ONSDAG:  12:00 – 18:00
TORSDAG: 12:00 – 18:00
FREDAG:    12:00 – 17:00

Spørsmål? Send ein mail til post@festidalen.no