27. mars 2018

Dagny, Bob Hund, Halie & Ida Jenshus

Programmet er komplett. Plakaten er i trykken. Og påskesola er årets første vårteikn.

Saman med det firkløveret Festidalen i dag slepp: Dagny, Bob Hund, Halie og Ida Jenshus har alle gitt sitt endelege ja! Dønhaug vert kosearena numero uno denne sommaren.

Tromsøartiseten Dagny er eit unikum. Ho har sidan debuten i 2015 sørva inn hit på hit. Hennar relativt korte karriere har allereie resultert i mange titals millionar streams, gig saman med Bieber i London, Billboardlisting og etter påska vert det ny USA-turne. Dagny er alt ei popstjerne, både innaskjers og utaskjers. ”Backbeat”, ”Love You Like That” og ”Wearing Nothing” er alle deilige sommarlåtar perfekte for juninetter i Kvinnherad. ”Wearing Nothing”? Tja, kanskje me skal ta ho på ordet der..?

Bob Hund er rett og slett svenske indie-rock gudar! I 25 år har dei spreidd glede, humor og fantastisk live-musikk i heile Skandinavia. Med karismatisk skånsk dialekt og ein knabben sjarmkonto sug dei framleis til seg nye fans i alle aldrer. Bob Hund er ein raspande gal fest på scena. Dei sluttar aldri å sjonglere feite låtar, latterlig fin humor og enorm energi på vanvittig vis. Dette er show!

Ha augene og øyrene opne! Halie er Bergens nye popkomet. Ho vert samanlikna med Sigrid og AURORA, og er under vengene til det same, dyktige managementet. Halie skriv låtane sjølv, noko ho seier ho må for å klara å meina det. Denne 17 åringen er ikkje som alle andre. Ho går framleis på vidaregåande, men har likevel rukket å begeistra nasjonal og internasjonal musikkpresse. For berre dagar sidan var ho også å sjå på Skavlan. Dette talentet kjem til å nå himmelhøgt.

Fredagen vert opna med smud americana. Ida Jenshus er alt godt etablert, har raska til seg fleire Spellemannsprisar, og blitt hylla landet over. Hennar americana, og tidvise country retning, treff folk og fe akkurat der den skal. Ida skriv musikken sin både i Noreg og USA, og har tette band til dei kredible leirane over dammen. Mjuk nytelse i amerikansk drakt. Dette vert først og fremst veldig vakkert.

Ha ein fin påskeferie. Kanskje det venter seg ein Festidalen billett i påskeegget?