1. mars 2017

Danko Jones, Julie Bergan og Elsa & Emilie!

Sommarens plakat byrjar ta form. Den kanadiske rockebomba Danko Jones kjem, og det saman med Noregs nye pop-dronning Julie Bergan og våre lokale stjerner, Elsa & Emilie. Frå før er Spidergawd, Odd Nordstoga, Bottlecap(S) og Sassy Kraimspri klare. Sommaren vert fin på Dønhaug i år òg. Og meir snop kjem i nær framtid.

Danko Jones har sugd til seg rockehjarter verda over. Dette er bøllete, feststemt rock som får fram sveitten og tømmer tønnene i baren. Trioen har turnert med gigantar som Guns N’ Roses, Ozzy Osbourne, The Rolling Stones, Volbeat og Motörhead. Danko Jones er verdskjende for sine intense shows og deilege galskap. Musikken er tIMG_2715ufta på ville damer og ville menn med mykje på hjarta og mykje i glaset. Danko er ein dude med kronisk (over)tenning og eit sinn så stinn av speleglede at du gir blanke i kva naboen tenker og pælmar skjorta. Oh Lord, Danko i dalen blir minnerike greier.

Julie Bergan. 22 år. 100 millionar streams. Har varma opp for Justin Bieber i både Noreg og Spania. Har opptredd med Tinie Tempah. Har sjarmert publikum gjennom tv-ruta i program som mellom anna Senkveld og Lindmo. Denne unge og enormt talentfulle artisten har alt oppnådd mykje. Men dette er berre byrjinga! Hitar som til dømes ’Arigato’, ’Blackout’ og ’All Hours’ er alt etablerte internasjonale fenomen. På scena boltrer Julie seg i enorme mengder energi og sjarm. På med dansesko!

Elsa & Emilie kjem ’heim’ til Festidalen. Elsa har røter her, noko som mange kvinnheringar alt er fullstendig klar over. Det er kjekt, men ikkje tru eit sekund at duoen er booka berre av den grunn. 20-åringane har nett gitt ut plate nummer to. Og der dei på første plate viste stort talent, viser dei no at talentet har fått rett næring og vakse seg modent. Dette er sofistikert pop med fokus på mjuke harmoniar mellom to svært komplimenterande røyster. Snadder for allemann alle!