FESTITAREN

Leiar av Hordaland bondelag, Kjetil Mehl, kan meir enn å kjøyra traktor. Han har sterke sykkelbein, og skal saman med bror sin, og sykkelproff, Vidar Mehl, prøva å kjempa seg til tittelen Årets Kongekrabber 2018. Men vi har fleire sterke deltakere som i årets Festitaren kjem til å kjempa med nebb og klør.

Bjørn Olav Tveit har mange baller i lufta, og ein skulle tru at sjølvaste styreleiaren av Festidalen har meir enn nok å jobba med desse dagane. Men han har alstå sagt ja til å væra med, og dette saman med son sin Viljar Simmones Tveit. Desse karane er øve gjennomsnittet interessert i ski, men no som snøen er i ferd med å smelta vekk, tar dei seg tid til ein tur ned i fjæra og taren.

Tora Aksnes har meir enn nok med å halda ein ball i lufta… Volleyballjenta fra Hatlestrand har vist at ho trivs godt i fjæra og med sand mellom tærne på sandvolleyballbana. Kanskje dette er ein styrke ho tar med seg inn i konkurransen saman med venninna si og badmintonspelar Sofia Macsali?

Høgt og lavt finn vi klatraren Christoffer Fossli. Med opptil fleire kongepokalar i klartring, kan vi forventa styrke frå denne karen. Og med seg har han ei sterk dame som også trivst høgt oppi fjellveggen, Tina Constanse Rosvold Eik.

Vi har klart å få med to spreke bønder til. Frå Sunde stiller ekteparet Håvard Flaten og Tone Eirtheim. Tone er eit råskinn til å jobba, så ho har klart å holde formen oppe etter at ho gav seg som langrennsløpar. Vi er spente på om mannen klarer å halde følge.