Føredragskro

føredragskor_FBevent

Føredragskroa fyller igjen Helgheim med ekspertar for å gje deg fagleg tyngde blant agurknyhenda i sommarferien. Og i år har me ikkje spart på «tungvektarane». Innanfor sine felt vil dei ulike innleggarane freista svare på spørsmålet, kven har makt i 2017?

Me er svært stolte over å kunne tilby ein rykande fersk situasjonsrapport frå USA, av sjølvaste JOAR HOEL LARSEN. Han kjem rett frå Washington D.C. berre for å gje publikummet i Kvinnherad siste nytt frå sagaen om øvstkommanderande Trump. Med stø analysar geleida han sjåarane til NRK gjennom den historiske valnatta 8. november 2016 og innsetjinga av Donald Trump 20. januar. No skal Kvinnherad få si heilt eiga forteljing om Trump sitt USA.

Larsen har vore utanrikskorrespondent for NRK i Latin-Amerika og USA i ein årrekkje og har sendt mange korrespondentbrev med si karakteristiske stemme, som fyrste helga i august vil fylle Helgheim med ei svært spesiell historie om korleis Donald Trump kom til makta og korleis.

Treng Noreg eit forsvar i 2017? Oberstløytnant HARALD HØIBACK har freista svart på dette spørsmålet i boka «Forsvarsmakta i det 21-århundre». Kan hende kan publikummet kjenne seg igjen i debatten me har hatt i Kvinnherad om vårt eige Heimevernsdistrikt. Harald Høiback arbeider til dagleg ved Norsk Forsvarsinstitutt og har ved sida av si militære karriere ei brei akademisk karriere, med doktorgrad i filosofi frå norske og utanlandske universitet.

Kva skjer når myndigheitane i Oslo freistar tråkke hardingane på tærne? Då manar hardingane til kamp, og det fekk med for alvor sjå i 2010. I fleire årrekkje kjempa hardingane kamp mot makta i Oslo og Statnett om å ikkje byggje mastar frå Simadalen til Samnanger. Føredragskroa vil vie heile torsdag med kampen i vår nabokommune. Høysterettsadvokat og Al Gore-ven PÅL W. LORENTZEN kjem for å snakke om kva loven seier om statleg inngreip i naturen.

Igjen vil det rulle ein alvorleg og tydingsfull dokumentar over lerret i Helgheim. «Kampen om Hardanger» følgjer aksjonistane sin kamp i Hardanger i 2010 og 2011. Den politiske dokumentaren er vekkjer om korleis myndigheitane kan ha ein ovanifrå-ned-haldning til distrikta. «Kampen om Hardanger» synar den vakre naturen iblanda stemningsfull musikk frå Hans Petter Molvær. Regissør VIGDIS NIELSEN, saman med aksjonist SYNNØVE KVAMME kjem også for å fortelje om filmen.

For å lause opp i stemninga i tråd med festivaltider me er inne i, har me eit bonusføredrag. Sjakk- og Russlandsekspert, ATLE GRØNN, kjem til Kvinnherad proppfullt av anekdotar om den spesielle sjakk-verda og -historia og alle karakterane ein kan finne her. I 2016 kom Grønn ut med boka, «Sjakken eller livet. En reise i sjakkens unike skjebner, historie og kultur». Her vil du nok også lære deg eit sjakktriks og to.

TORSDAG 3. AUGUST
Høgsterettsadvokat Pål W. Lorentzen
18:00 – 18:30
Føredrag: Retten til inngrep i verneverdig natur for straumforsyninga si skuld?
«Kampen om Hardanger»
18:30 – 19:45
Ein politisk dokumentar som fylgjer aksjonistane mot utbygginga av Hardangermastene.
Paneldebatt
20:15-21:15
Samtale mellom Torstein Monsen saman med aksjonist Synnøve Kvamme, Vigdis Nielsen og Pål Lorentzen.

  

LAURDAG 5. AUGUST
Atle Grønn
13:00-13:45
Føredrag: Kva er det med sjakkspelarar?
Oberstløytnant Harald Høiback
14:00-14:40
Føredrag: Den norske forsvarsmakta i 2017: Vise musklar eller reell forsvarsmakt?
Joar Hoel Larsen
15:00-16:00
Føredrag: Donald Trump: Seks månadar som øvstkommanderande