13. juni 2016

Festidagen

Her er det «første mann til mølla» som gjeld, så ikkje nøl med å melde deg på allereie no.
All påmelding skjer via Festidalen si nettside.
Påmeldingsfrist; 20juli. Du får tilbakemelding ila ei veke.Ein må melde seg på på førehand og ein kan melde seg på fleire stasjoner 
(obs! der det er ei gruppe går den over fleire dagar!)

Meld deg på her

 

Cosplay
Har du drøymt om å vere ein spillhelt eller ein teikneseriefigur? Då er cosplay noko for deg! Cosplay er satt saman av orda costume og play som tyder drakt og leik. På denne gruppa får du hjelp av cosplaykjendis Mia Maki til å forvandle deg til din favorittkarakter. Fint om du tenkjer litt på karaktervalg på førehand. Under festidaGenshowet på laurdag får ein vise fram karakteren sin (om ein vil).Festidagen15

Leiar; Mia Maki
Alder; 8-13år, 1 gruppe, maks 10stk.
Stad; Uskedalen skule
Tid; Tors kl.15-19 og Fre kl.11-15 (Lunsj inkl.)
Pris ; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)

Breakdance/hiphop med ABSENCE crew
I år kjem sjølvaste Absence crew til til FestidaGen, her kan du bli med å danse saman med noregsmeistarane i breaking og vinnerane av «Mitt Dansecrew 2015». Så er du glad i å danse, breake og gjere kule triks- ikkje nøl med å melde deg på!
Under festidaGenshowet på laurdag får ein vise fram det ein har lært på workshopen.

Leiar; Absence Crew
Alder; 9-12år og 13-18år, maks 12stk pr gruppe.
Stad; Helgheim oppe
Tid; Laurdag kl.09.00-10.30 (9-12år) og kl.10.30-12.00 (13-18år)
Pris; 100kr (gratis for13-18år med dagpass)

festidagen15redsignDesign av spel
«På spilldesign vil du få bruk for alt du set inne med av kreativitet og ville idear … Spillinja er for deg som elsker video og dataspill» står det på reklamen for linja ved Sunnhordland Folkehøgskule.
To elevar ved denne linja kjem til FestidaGen og skal ha eit kurs i spilldesign.
Dei tar for seg design av analoge spel (brettspel, kortspel , ballspel osv) på torsdagen og lager dataspel på fredagen. Hvis du er glad i spel er dette opplegget for deg!
Ta med eigen bærbar pc.

Leiar; 2 elevar frå Sunnhordland Folkehøgskule
Alder; 13-18år, ei gruppe, maks 15stk.
Stad; Uskedalen Skule
Tid; Torsdag kl.15-19 og Fredag kl.13-17 (inkl. lunsj)
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)

Bygg sjølv
Drøymer du om å byggje din eigen leikebåt/trebåt er dette gruppa for deg.
Her får du bruke hammer, lim, maling og masse hobbyutstyr for å lage og dekorera din eigen trebåt. Spanande om den flyt og kanskje vil den lyse i mørket?
Her kan du få utfolde deg og dine kreative sider til å lage ein unik trebåt.

Hugs å ha på klede som tåler å få maling/lim på om det skulle forekoma.
Leiar; Atle Holm og Anita Osmundsen
Alder; 5år-7år 4grupper, maks 5 pr gruppe (du får tildelt gruppetid etter påmelding)
Stad; Stemneplassen (ved sida av bedehuset)
Tid; Torsdag kl.14-15.30 og 16-17.30 Fredag kl.11-12.30 og 14-15.30
Pris; 100kr (gratis for13-18år med dagpass)

FesturantenFestauranten;
Elin elskar å spre matglede og gode matopplevingar. Og no er det du som kan få gleda av dette. På denne gruppa får du lære deg å lage eit 3 rettars festmåltid; forrett, hovedrett og dessert. Kvar dag blir avslutta med at deltakarane får invitere med seg seniorar som får seg ei gastronomisk oppleving til ein billeg penge (200,-).
Leiar; ElinEnes

Alder; 12-18år, 1 gruppe, maks 12stkprgruppe.
Stad; Helgheim kjellaren
Tid; Tors kl.13-18
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)

Nysirkus
Drøymer du om å bli sirkusartist? Dyktige Nyirkus Pilar frå Oslo kjem til festidaGen for å gje deg eit levande og morosamt kurs. Trening på sirkusteknikker gjev deg betre koordinasjon, kroppskontroll, refleks og balanse. Nysirkus Pilar trollbind liten og stor med si avanserte sjonglering, halsbrekkande akrobatikk, spektakulære flammeshow, morosame klovneførestillinger og høge menn. Det vil bli gitt undervisning i: Akrobatikk, Line, Luft-akrobatikk, Sjonglering og Stylter.
Under festidaGenshowet på laurdag får ein vise fram det ein har lært på workshopen.

Leiar; Nysirkus Pilar
Alder; 9-12år og 13-18år, maks 15stk pr gruppe.
Stad; Hallen (aktivitetshuset)
Tid: Torsdag kl.14-16 (9-12år) og kl. 17-19 (13-18år)
Fredag kl.9-11 (9-12år) og kl.13-15 (13-18år)
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)

festidagen-2Rocketroll
Rock`n roll fiskeboll…… Bli med å lage kule rocketroll saman med andre rockekidz. Du bestemmer sjølv om det skal vere eit skummelt, venleg, tullete, sint eller gladtroll. Trolla digger rockemusikk og festidalen og dei vil vere til pynt for alle som skal opp på festidalenjordet denne helga. OH YEAH!!

Leiar; Benthe Thomsen
Alder; 5år-7år 4grupper, maks 5 pr gruppe (du får tildelt gruppetid etter påmelding)
Stad; Stemneplassen (ved sida av bedehuset)
Tid; Torsdag kl.14-15.30 og 16-17.30 Fredag kl.11-12.30 og 14-15.30
Pris; 100kr (gratis for13-18år med dagpass)

Teikneseriekurs
Har du lyst å lære å lage teikneserier? Eller forbetre dine teikneevner? Då er det berre til å spisse blyanten og melde deg på denne workshopen. Instruktør er illustratøren Espen Terjesen.

Leiar; Espen Terjesen
Alder: 8 – 12 år og 13-18år, maks 15stk pr gruppe
Stad; Uskedalen Skule
Tid: Torsdag kl.15-18 (8-12år) og Fredag kl.11-14 (13-18år)
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)

Redesign;
Dette er gruppa for deg som er kreativ og iderikt, som likar mote og klede. Redesign er trendy og ein sparer miljø og penger. På denne workshopen lærer du deg å sy nye designplagg av gamle klede. Det handler om å sjå moglegheiten i det ein har. Du må ha jobba litt med symaskinar frå før, men vil få god hjelp frå kyndige instruktører. Under festidaGenshowet på laurdag får ein vise fram plagga i eit lite moteshow (om ein vil).

småstjerner15

Leiar; Mildrid Myhre m.fl.
Alder; 11-18år 1gruppe, Maks 8stk
Stad; Uskedalen skule
Tid; Torsdag kl.15-19 og Fredag kl. 11-15 (Lunsj inkl.)Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)

Parkour;
I denne populære rørsleidretten har ein som mål å kome s

eg frå A til Å på den mest effektive måten utan hindringar og kun ved hjelp av eigen kropp. Det handler om å konkurrere med seg sjølv og ingen andre. Den grensa du har, skal du bryte for å bli enda betre i det du driv med. Sjekk ut parkour på youtube.

Leiar; Gareth Whittaker
Alder; 10-12år og 13-18år , maks 10stk pr gruppe
Stad;Hallen (tors) Helgheim oppe (fredag)
Tid; Tors kl. 10-11 (10-12år) kl.11.30-14 (13-18år)
Fre kl. 11-12 (10-12år) kl.12.30-15 (13-18år)
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)

Småstjerner;
Dette er konkurransen for deg mellom 0-12år som likar å stå på scena og syngje fengande songar, anten det er playback eller live. Ta gjerne med deg ein venn eller fleire og opptre saman. Det blir flotte premiar til alle, og særskild til vinnarane. Meld deg på via påmeldingsskjemaet på www.festidalen.no

Alder; 0-12år (om du er fødd i 2003 er du for gamal)
Stad; Aktivitetshuset/hallen
Tid; laurdag kl.14 (møt opp kl.12.30 for øving)

 

Det vil vere vaksne vakter tilstade på alle stasjonane, så du kan vere trygg på at barnet ditt blir godt ivareteke.