1. november 2018

Festidalen 2019 skjer helga 28.-29.juni!

Og med det bles gjengen i Festidalen all tvil kring 2019 utfor verdas ende. På ny vert scena reist. På ny skal feit musikk boltra seg mellom fjella våre. Og på ny skal kvinnheringar og tilreisande samlast i deileg myldring.

Vår form, farge og flosshatt skal ein alltid kjenne att. For sjølv om nye tankar med saft og kraft skal forma sluttproduktet; vil rock, fjell og kjærleik vera våre tre heilage bod. Og som kjend er kjærleiken størst. Difor er våre planar, tankar og mål for 2019 dynka i nettopp det- skamlaus kjærleik.

Profilen ligg i treffpunktet mellom pop, rock og det folkelege. Moderne møter etablert, ungt møter vakse. Kjende artistar møter ukjende talent. Det er saker og ting som skjer no, så følg med i tida som kjem!

Alle prosessar er i gang. Fulle segl og månen i masta. Blikket er urokkeleg retta mot siste helga i juni. Merk datoane, og sjå fram til befriande baluba. Sjåast der!