4. mai 2017

Festidalen­programmet er komplett!

Sommaren nærmar seg, og pokker så godt det gjer! 4. og 5. august skal publikum nyta seg gjennom 13 feite artistar, god mat og god drikke, ein gard fylt med smilande festidalarar, og avslutningsvis eit overveldande fyrverkeri. Og her kjem dei tre siste artistane; Sondre Justad, Hjerteslag og Store P!

store-p-3-normal

Store-P

Med debutplata ”Riv i hjertet” tok Sondre Justad over det norske radio- og livemarkedet. Han blei fort landets mest spelte norskspråklege artist på radio, sel ut konsertar over alt og har millionar av streams. Populariteten har resultert i TV-gigs som Senkveld, P3-Gull, Lindmo og VG-lista Topp 20. Samt ein ryggsekk med høgtståande nominasjonar og ros frå ein samla musikkbransje. Guten frå Lofoten har også laga ein av dei finaste live musikkvideoar Noreg har å by på; han og bandet slepte med seg utstyr og publikum til ein fjelltopp i Sondre sitt oppvekstmiljø og speler ”Riv i hjertet”. YouTube that shit! ”Popens nye wonderboy” meinte Dagbladet, og Festidalen kunne ikkje vore meir enig. Perfekt festivalmusikk.

Store P slepp ny singel i dag! ”Husk å puste” er tredje singel i år, og ein sommarbris av ein låt. Rapparen frå Fyllingsdalen slo igjennom med albumet ”Regnmannen” i 2014. Samtlege av dei største media i landet gav toppkarakter, og duden drog med seg ein velfortent Spellemannpris for jobben. Seinare i år kjem den  etterlengta plata ”Rommet”. Festidalenpublikummet kan venta seg både ferskvare og gammal moro. Attituden er rå, tekstane treffsikre og soundet sensuelt og heftig. Smud og sexy.

hjerteslag007

Hjerteslag

Hjerteslag lener seg deileg på britisk indie og amerikansk rock. Vokalist og låtskrivar, Robert Eidevik, er ein forbaska karismatisk og engasjerande frontfigur, og bandet er solid som betong. Hyllesten av bandet er unison i det samla norske pressekorps. Absolutt alle kritikarar gav ”Vannmann86” terningkast 5, deriblant Aftenposten, VG, Dagbladet og BT. I tillegg vart plata kåra til nest beste norske album av Dagbladet i 2016, og låten ”Sang til Sonja” til beste låt! Festidalen trur dette vert eit av årets absolutte høgdepunkt.

 

#kjærleik