Festivalreglar

Festidalen er ein organisasjon som baserar alt arbeid på frivillig innsats, og vi har ingen tilsette som tenar pengar på arrangementet. Kvart år samlast kring 300 personar som er villige til å ofre store delar av fritida si for at nettopp du skal ha ei minnerik helg i vakre Uskedalen, og vi er kjend i både inn- og utland for den lune stemninga og den fredfulle tonen på jordet. For at denne stemninga skal halde fram, er det viktig at våre gjester set seg inn i våre enkle festivalreglar.

OPNINGSTIDER:

fredag kl 17.00.
laurdag kl 16.30.
Sal av alkoholhaldig drykk stansar kl 01.00.

BUSS HEIM:

Bussane går frå busshaldeplassen nede i bygda kl 01.00. Det går bussar til Utåker, Halsnøy og Odda.

Beredskap:

Festidalen sin beredskapstelefon har nummer 991 55 425.
Røde kors er til stades på festivalen, dei held til i eit eige telt til høgre for scena.

CASH IS NOT KING:

Festidalen er kontantlaus. Alt sal av mat og drykk føregår med betalingskort.

MINDREÅRIGE & VERJE

Festidalen har inga aldersgrense. Mindreårige slepp inn i fylgje med verje. Verje må vere fylt 25 år, og/eller vere forelder til den mindreårige. Verja kan ikkje nyte alkohol medan dei har mindreårige med seg, og må ha oppsyn med den mindreårige til ei kvar tid. Verja må vere tilgjengeleg på telefon medan ein er på og rundt festivalområdet. Brot på kontrakten fører til bortvisning frå området. Ein må fylle ut verjekontrakt ved inngangen. Vi oppmodar om at born forlet festivaljordet før klokka 21. Mindreårige og/eller verje som kjem rusa til Festidalen vil verta avvist. Born under 13 år kjem gratis inn, ungdom mellom 13-17 må kjøpe eigen ungomsbillett.

Vergeskjema kan du få på festivalkontoret, i inngangen eller laste ned her.

LEGITIMASJONSPLIKT:

Det er legitimasjonsplikt ved alle våre serveringsstadar som sel drykk med alkohol. Bankkort med bilete, førarkort eller pass vert akseptert som godkjend legitimasjon. Bruk av falsk legitimasjon vil bli meld til politiet.

Desse gjenstandane er ikke tillate inne på festivalområdet:

– Alle former for flasker
– Medbrakt mat og drikke
– Spesielt brannfarlege væsker eller gjenstandar
– Paraplyar
– Campingutstyr
– Profesjonelt kamera- og videoutstyr
– Selfiestang eller liknande
– Dyr

Gjenstandar som er forbode etter norsk lov er sjølvsagt ikke tillate på festivalområdet. Vaktpersonalet kan nekte publikum å ta med gjenstandar som dei vurderer kan utgjere ein risiko inne på festivalområdet. Unntak kan gjerast ved spesielle behov. Ta kontakt med festivalen i god tid for å avklare dette.
Personar med nedsett funksjonsevne er hjarteleg velkomne. Fylgje kjem inn gratis ved å syne gyldig fylgjekort.