8. april 2019

Frivillegregistreringa er opna!

Vil du vera med?

Vil du vera med å skapa sommarens flottaste festivaloppleving – for Kvinnheringar, byfolk, artistar og andre som finn vegen innom? Om du likar å stå på for å få til noko i fellesskap med andre, passar dette for deg.

Å vera frivillig på Festidalen er ei oppleving i seg sjølv –det er kjekt og sosialt når du er på jobb og du får mykje god musikk og ei flott festivaloppleving på kjøpet.
Vi vil ha med oss unge og gamle – som er positive og villige til å ta eit tak. Vaktene er lange, så du må klare å vera i aktivitet frå tidleg ettermiddag til seint på natt. Vi treng både grillmester, vaffelsteikar, kaffikokar, nokon til å tappa øl og nokon som passar på at det er trygt og triveleg på jordet.

For dei fleste oppgåver må du vera over 18 år. Dersom du har lyst til å delta og er under 18 år vil vi ha dialog med dine føresette om kva oppgåver du kan ha og kven som skal ha ansvar for deg under vakta. Er du under 18 år og har arbeidd så mykje at du får festivalpass eller dagspass – må du, som andre mindreårige, ha med føresette for å komma inn på festivalområdet.

Les meir

Registrer deg som frivillig her!