Frivilleg

Vil du vera med?

• Er du glad i å treffa nye folk, gjera oppgaver i felleskap og kanskje få nye venner for livet?
• Er du positiv og har pågangsmot?
• Ønsker du å gjera noko kjekt for andre og vera Festidalen sitt blide ansikt utad?
• Ønsker du å oppleva Festidalen frå innsida med masse god musikk og den gode festivalstemninga på kjøpet?

– DÅ er det deg vi ser etter!! Du er ein av grunnane til at det faktisk blir festival!

Om du er ung eller gammal- vi treng DEG!!

Som frivillig på Festidalen er det mange oppgåver å velje mellom:

Dei fleste oppgåvene på Festidalen krev at du er over 18 år, men dersom du har lyst å bidra og er under 18 år kan vi ha dialog med føresette om kva oppgaver du kan ha og kven som har ansvar for deg under vakta. Dersom du har jobba så mykje at du får festivalpass eller dagspass-må du som andre mindreårige ha føresette med for å komma inn på festivalområdet.

Registrer deg som frivillig her!


Som frivillig får du:

· Frivillige som arbeider under arrangementet fredag eller laurdag, får gratispass den andre kvelden.
· Frivillige som arbeider før og etter festivalen får dagpass eller helgepass om dei arbeider over 12 timar for dagpass og 24 timar for helgepass.
· Frivillig t-skjorte
· Tilgang til frivilligteltet når du er på vakt. Mat og drikke.
· Invitasjon til frivilligsamling med informasjon, mat og hyggeleg samvær
· Tilreisande frivillige får overnatta gratis i festivalcampen vår.
· Gratis festivaloppleving og felleskap med andre!

Arbeidsoppgåver du kan velja mellom:

Opprigg og nedrigg av festivalområde

Vi har ein fantastisk riggegjeng i Festidalen og vi er veldig stolt av det flotte festivalområdet vårt! Her vert det utført mange timar med arbeid før vi er klar til å ta imot festivalpublikumet på jordet og vi treng mange frivillige i veka før festivalen og til nedrigg og opprydding søndagen. Arbeidet med opprigg startar veka før Festidalen og pågår fram til festivalområdet er klart til innrykk fredagen. Områdegruppa har ansvar for å bygge opp festivalområdet og infrastrukturen rundt. Det er eigne arbeidslag som har ansvar for scenerigg, telt og benker, buer og barar, gjerder, elektro og nettverk, toalett, transport og utsmykking.

Arbeid i hovudsak før og etter festivalen!

Scenearbeid

Det er viktig for arrangør, artistar og publikum at programmet går så knirkefritt som mogleg. Derfor treng vi frivillige som hjelper til med klargjering av scene mellom lydprøvar og konsertar. Noko bæring og løfting må påreknast.

Arbeid under festivalen!

Inngang, festivalkontor og merch

Alle frivillige som jobbar for Festidalen er viktige for å skape den gode festivalstemninga. Ved å jobbe på festivalkontoret eller i inngangen til festivalområdet er du gjerne den første frivillige som festivaldeltakarane møter, og er derfor ei viktig brikke for at publikum skal føle seg velkomne til Festidalen. Oppgåver du kan velje mellom her er å jobbe i inngang, i Merchbod under festivalen eller på festivalkontoret i forkant av festivalen.

Vakthald

Me ynskjer at våre festivaldeltakarar skal ha ei god oppleving når dei besøkjer Festidalen. Ein viktig del av dette er at ein skal føle seg trygg på og rundt festivalområdet. Som vakt får du oppgåver knytt til tryggleik og trivsel i festivalområdet og området rundt under avvikling av festivalen. Festidalen har også i år samarbeid med vaktselskap og har innleigde vakter som arbeider saman med dei frivillige. For å arbeide med vakthald må du vera over 18 år. Det vert føreteke sjekk av vandel for alle i denne gruppa.

Bar og servering

Festidalen meinar at mat og drikke skal vera ein viktig del av den totale festivalopplevinga. Det vert lagt ned mykje arbeid i forkant på dette området. Festidalen er oppteken av kortreiste råvarer, og publikum har ein klar forventning om kva dei skal få servert. Som frivillig i denne gruppa deltek du i arbeid med tilbereding og salg av all den gode maten og drikka som vert seld under festivalen. Denne gruppa har og ansvar for mat til frivillige i riggeperioden og treng derfor frivillige heile veka før festivalen. For å arbeide i bar må du vera over 18 år.

Trivselsvakt

Trivsel er viktig på Festidalen, både for dei som jobbar for oss og for publikum. Som trivselsvakt kan du få ulike oppgåver. Til dømes plukke boss, tømme søppel på festivalområdet, halde orden i frivilligteltet og syte for at det er mat og drikke tilgjengleg for dei frivillige

Nøkkelpersonell

Festidalen har ei stor gruppe nøkkelpersonell som arbeider med arrangementet gjennom heile året. Her er det plass til fleire. Om du er interessert i dette ta kontakt med frivilligansvarlege.

Har du spørsmål?

Send oss gjerne ein e-post på frivilleg@festidalen.no eller send oss ein SMS så ringer vi deg opp så snart vi har anledning.

Kontakt Ann Kristin tlf 997 56 743 eller Margreta tlf 905 13 550

#ROCK #FJELL #KJÆRLEIK