25. november 2019

GABRIELLE!

Endeleg kjem Gabrielle til Festidalen, og det i sitt livs beste form! Sidan den markante debutsingelen «Ring meg» i 2011 har hennar eksplosive pop skapt stemning og fest landet rundt. Med siste plata «Snart, Gabby» vender ho blikket i større grad mot R & B, noko som sukrar katalogen hennar til ei særs saftig kaka. Ho har sidan starten vore ein hitmaskin som kapra øyrer og hjarter med til dømes «5 fine frøkner», «Bordet», «Regn fra blå himmel», og no den heilt ferske «Snart, Gabby». Med seg har ho tonnevis med stæsj for å fyra av tidenes laurdagsshow på Festidalen. 2020 vert året då lydbilete i dette landet vert totalt Gabbyfisert.

 

Med det er laurdags-headlineren til Festidalen 2020 dratt opp av boksen, og allereie neste veke kjem neste artistslepp. Over halvparten av programmet er klart, berre formalitetar gjenstår før offentleggjering.