31. juli 2017

Good to know: Buss til Odda og Halsnøy

Så står du der, då, i Uskedalen midt på natta utan å vite korleis du skal komme deg heim. Augustnatta er mørk og kjølig. Slapp av, vi skal få deg trygt heim. 

Det går buss til både Odda og Halsnøy. Bussbilletten er inkludert i festivalpasset, så du treng ikkje styre med ekstra bussbillett.

Så når siste konsert er ferdig kan du rusle ned til inngangen, kjøpe med deg ein deilig burger, sette deg på bussen og gle deg over kor fantastisk kjekt du har hatt det.

#Kjærleik