Kjekt å vite

FØR DU FORLET MOR DI
Festidalen gjennomførte i fjor eit større forskingsprosjekt for å finne ut kva som kjenneteiknar dei røynde festivalgjengarane. Du veit, dei som berre glir rundt og har det triveleg uansett ver eller vind, dei som alltid smiler og er varme og tørre på beina. Resultatet av dette prosjektet gjer at vi har identifisert ein avgjerande suksessfaktor: dei røynde festivalgjengarane stiller fylgjande spørsmål til mor si før dei går på festival:
”Har eg hugsa alt no, mamma”.
Resultatet av dette spørsmålet er oppsiktsvekkjande. Du kjem med sko som toler litt fukt og gjørme, ei jakke som toler augustnatta, gjerne ein ekstra genser. I tillegg har mor di garantert sett på vermeldinga, og ho kan gje deg oppdatert informasjon om kva som ventar deg frå himmelguden. Mor di veit også at du må hugse å ta med billetten, den hadde du jo lagd i den tynne jakka som du tok av deg. Slappa tå, mor di fiksar dette, ho veit også at Festidalen er kontantlaus og at du må ta med betalingskort. Mor di har vore ute ei vinternatt før, seddu, og ho ler av den paraplyen du hadde tenkt å ta med deg; ho tek den ifrå deg og du ser at ho tenkjer ”amatør” inni seg, men ho seier det ikkje, ho berre informerar deg kjærleg om at du ikkje kan ta med deg skarpe ting.

festidalenemilianiREISE TIL OG FRÅ
Det går alltid eit tog. Eller ein buss eller ei ferje. Sjekk www.skyss.no<http://www.skyss.no> for busstider ogwww.norled.no<http://www.norled.no> for ferjetider. Ikkje bruk tid på www.nsb.no<http://www.nsb.no>
Bygda Uskedalen har ikkje mange problem, men eitt av dei er parkering. Den vene bygda er lagd for mennesker og dyr, ikkje for bilar. Det er difor fint om mor di kan køyre deg, då får ho i tillegg sjansen til å helse på venene dine når du kjem fram, dette gjer at mor di søv betre.
Dersom du insisterar på å køyre bil sjølv, går dette sjølvsagt fint. Du køyrer mot skulen og fylgjer instruksjonane frå ein av våre parkeringsvakter.

Er du ein av dei heldige som kjem til Uskedalen med båt så har den vakre bygda sjølvsagt båthavn. Her kan du fortøye båten og gle deg over dei vakre fjella og den gode stemninga.

frivillig2FESTIVALKONTOR
Når du omsider står i bygda, tilrår vi å stikke innom festivalkontoret vårt i Gamleskulen. Her kan du få deg ein kopp kaffi, veksle inn billetten din i armband, lytte til god musikk eller delta i djupe samtalar. Du kan også delta i Festidalen si sagnomsuste bamseklem-tevling; denne årlege og verdskjende tevlinga har i fleire år hatt status som offisielt verdsmeisterskap, og du er hjarteleg velkomen til å delta. Reglane er enkle.

OPNINGSTIDER
Festidalen opnar portane til jordet fredag kl 17.00 og laurdag kl 15.30. Dersom du har snakka med mor di på førehand, vil den vesle økta i inngongen gå heilt fint. Du tek av deg sekken og syner innhaldet til våre vakter. Easy peasy.

BUSS HEIMFestidalen 2015
Så står du der, då, i Uskedalen midt på natta utan å vite korleis du skal komme deg heim. Augustnatta er mørk og kjølig. Tårene pressar på og du ringer mor di. Slik får du vite at det går gratis buss i alle himmelretningar frå kl 01.30. Bussane går frå inngongen, og dei køyrer heilt til alle er trygt heime. Og du, bussen er inkludert i festivalpasset. High five!


FESTIVALCAMP
Om mor di ikkje har tid til å køyre på deg og dei glade venene dine, så kan du ta med deg soveposen, kanskje eit telt, og legge deg inn på verdas finaste Festidalen camp.
Vi lovar tropisk stemning. Det kostar deg nokre papirlappar, men det er nada nix problem. Spør Besto om peng.

FASTFØDEFestidagen15
Så vaknar du laurdagsmorgon og alt du tenkjer på er å gå opp på festivalområde for å kjøpe deg ein saftige Festidalen-burger, men i det du har tatt på deg festivalstøvlan kjem du på at det er stengt. Fortvil ikkje, Bente frå Spar Uskedalen og Roy får Oska, inviterer til festivalfrukost klokka 10:00, på Oska. Det vert like heimekoslig som hos mor di. Når du er ferdig med leverposteiskjeva så kan du ta turen bort i båthavna for å beundre kor stramme og fine Festitaren deltakarane er og kor flinke alle småstjernene på FestidaGen showet er. Fin laurdag!


VERGESKJEMA
Skal du ha med deg mindreårige på festival, så finn du vergekontrakt her eller ved inngangen. Fyll det ut og ta det med deg når du kjem.