4. juni 2019

Korleis komme seg til Festidalen?

De lurer kanskje på korleis de skal kome dykk til Kvinnherad? Nærmare bestemt Uskedalen/Festidalen. Det skal eg fortelle dykk.

Hvis du kjem i frå Bergen, Os eller eventuelt Tysnes går det ein båt som heite Rødne. På veg mot den kjekkaste helga i 2019, kan du nyta den flotte utsikten Hardangerfjorden har å by på. Rødne går til Rosendal med desse tidene:

Mandag-fredag  kl 08.50 og 16.30, lørdag kl 15.45
Vidare går det buss som passar med båten frå Rosendal til Uskedalen (Festidalen):
Mandag-fredag kl 10.45 og 18.35, lørdag kl 17.54
Rutetidene finn du her.

Dersom desse tidene ikkje skulle passa, eller du er i frå Stord? Kanskje Austevoll? Bømlo? Ikkje fortvil, det gårt ein hurtigbåt frå Bergen via Austevoll, Rubbestadneset, Leirvik og Ranavik.

Frå Bergen man-fre:                    kl 12.15, 16.10 og 20.10
Frå Austevoll man-fre:                kl 13.03, 16.58 og 20.58
Frå Rubbestadneset man-fre:    kl 13.43, 17.40 og 21.50
Frå Lerivik man-fre:                    kl  14.15, 15.15, 16.12, 17.05, 18.05 og 22.15
Rutetidene finn du her.

Likar du betre å køyre buss? Det går heilt fint, bussen tek deg med heilt til Uskedalen.
Bruk Skyss sin reiseplanlegger her.

Kjem du i frå Odda og ikkje er så keen på teltlivet? Ikkje vær redd, det går gratis buss heim både fredag og laurdag etter siste konsert.

Vi gler oss til å sjå dykk herlige mennesker! Suss og klem og alt der der.
#Rock #Fjell #Kjærleik