15. april 2019

Kvelertak og ISÁK til Festidalen

Er det ikkje herleg med sol? Hugsar du det fantastiske festivalvêret i fjor? Kvelertak og ISÁK kjem til Festidalen for å skru opp tempen. Det vert leven og stemning! Billettar ligg ute for sal.

Fredagen er no fullstappa. Kvelertak kjem rett frå konsert saman med Foo Fighters dagen før, og avsluttar fredagen i Uskedalen. Etter Hit for Hit, Gåte, Miss Tati og Iris.

Den ferske Stjernekampvinnaren Ella Marie og bandet hennar, ISÁK, skal saman med Kriminell Kunst, Highasakite og Moyka fylla sommarjordet med vellyd laurdagen. Og her kjem det altså to namn til i neste veke. Følg med!

Kvelertak er Noreg sitt mest vitale rockeband. Kanskje gjennom tidene. At dei vart handplukka av Metallica til å bli med på deira turné, er med på å stadfeste nettopp det. Ein kvar konsert er ein detonasjon i festrock og sjangerkryssing. Og alle rockens element haglar mot deg. Punk, Prog, hardcore, 70tals-heavy, og fullt kok på scena. Den breibeinte sekstetten er rett og slett tøffast i landet. Still opp og opplev Kvelertak sin «hårfønar», ein hitparade av galskap!

Ella Marie og ISÁK er eit fabelaktig fenomen som snor seg fram og inn i den norske folkesjela. Først hylla dei Mari Boine under Spellemannsprisen, så under Stjernekamp. ISÁK, som Kvelertak, kryssar sjangrar- og finn eigne uttrykk i sine vandringar på tvers. Med tradisjonell joik, urbane synthar, tekstar på både samisk og engelsk, utfordrar og utviklar ISÁK den norske popscena. Trioen er kruttsterk. Dei er td involverte med The Wombats, Alan Walker og Mari Boine. Live er dette ein oppløftande sommardraum!