16. mai 2017

Lambasleppet 2017

Det er ikkje noko nytt at regionen vår avlar talent. Festidalen har saumfart instagram, facebook, UKM, musikkmiljø og følgt med på noko av det som rører seg rundt om i Sunnhordland og Hardanger.

Artistane til årets Lambaslepp er no klare. Oppsummert er artistane mellom 16 og 25 år, dei boblar over ar ambisjonar, dei lagar sin eigen musikk, og dei gjer det steike bra.
Torsdag, 3.august, er det klart for årets musikalske oppleving, med hovudfokus på ungdom. Ei heilproff scene vert reist i Uskedalen båthavn, og på denne vil det stå sju unike, dyktige, lokale artistar og band, som har stjerner i blikket og historier dei vil formidla gjennom musikken. Det vert alt frå 80-talets kule rock’n roll, til melodiøs elektronika. Ein svingar innom også innom jazz, pop og viser, alt framført på både engelsk og nynorske dialektar.
Konserten er gratis, det er inga aldersgrense, og det vert høve å kjøpa mat på staden.
#lambasleppet #festidalen #springbrett #ungdom #musikkmiljø

symra1SYMRA (Stord/Bømlo/Tysnes)
At musikklinja på Stord avlar gromgode artistar er eit etablert faktum. Symra består av elevar frå nettopp denne linja, og planane deira er å ta over verdshegemoniet med sin sjarm og råkule musikkstil. Lambasleppet blir dermed ein god plass å ta sats.
Dei lagar musikk dei sjølv tykkjer er kul, og befinn seg innanfor eit alternativt pop-rock landskap. Når ein gjer det ein sjølv diggar, blir det ofte slik at fleire også likar musikken. Lambasleppet står greitt bak bandet under denne fana. #Kult!
Bandet består av Øyvind Kleppe (17) på vokal, Morten Stokke (19) og Henrik Vatle (19) på gitar, Ole Martin Hauan (18) på bass og Henrik Sebastian Epland (17) på trommer. Dei har nyleg spelt på UKM, og var blant dei lokale banda som fyrte i gong ei musikalsk heilaftan på minifestivalen Bountyfest på Arena på Leirvik i april. Der spelte dei sitt første lengre sett, og tok på ingen måte skrekken.

Sidan hausten 2016 har dei jobba med å produsera feite låtar, me gler oss til å få fleire av desse servert på gullfat under Lambasleppet i august.

AADLAND-lowres-1043AADLAND (Stord/Kristiansand)
Aadland er ein rykande fersk trio med fokus på energi, aggressive riff og deilige lydlandskap – alt bunde saman gjennom nynorsk formidlingsevne. Landskapet blir måla fram med keyboards/vokal, trommer og bass.
Musikken Aadland produserer er inspirert av mykje forskjellig, og vert av bandet sjølv oppsummert som ein slags energisk kombinasjon av Deep Purple, Elephant9, Jaga Jazzist og Bjørn Eidsvåg. Alle tre i bandet har for tida base i Kristiansand grunna studier, men både bassist og keyboardist/vokalist er frå Stord. Sjølv om Aadland eit heilt ferskt prosjekt, har alle tre i bandet mange års erfaring med å spele i andre band og med andre prosjekt.
Aadland har høge ambisjonar, og jobbar iherdig med å skriva låtar på klingande nynorsk. #Nynorsk!
Trioen består av Øystein Heide Aadland (22) – keyboards, vokal, Ørjan Lægreid (24) – bass, vokal ogJens Persheim Kola (26) – trommer, vokal.
Får dei det slik dei ønskjer, er debutalbumet klart til slepp i løpet av 2018, men først blir det fokus på å spela mykje live. Eit spanande prosjekt, som me gler oss til å høyra meir frå.

marion woodseth_PRESSEFOTO1MARION WOODSETH (Kvinnherad/Kristiansand)
Det byrja tidleg for Marion Skogseth Bjørsvik (24), som har jobba seg opp ifrå musikkskulen i Kvinnherad til å no halda på med ein master i utøvande musikk og spesialisering i Music Management. Vegen har gått via ulike skular, med innhald som musikkproduksjon og stort fokus på låtskriving, song og piano.
«Eg er over gjennomsnittet glad i alt som har med musikk å gjere. Det er livet!»
Med seg på laget har ho Alf Vaksdal (23), som ho har har laga musikk saman med sidan dei gjekk på musikklina i lag. Han er produsent og multiinstrumentalist, med laptop som hovudinstrument. Dei byrja å spele ilag for 3 år sidan på høgskulen Stord/Haugesund, og har sidan det hatt fleire konsertar i Bergen, Stord og omegn.
Nylig var dei to i New York hos produsent Joel Hamilton og spelte inn sin kommande EP,  og ambisjonane handlar om å få musikken deira ut i verda; vakre og intrikate elektroniske melodiar kombinert med fløyelsmjuk vokal og pulserande 80-talls beats.
Dei gler seg veldig til å vise fram første smakebit frå oppholdet i New York heime i kjente omgivnadar, og på Lambasleppet. Stor musikk i lita bygd – dette vert eit #elektronisk_eventyr.

katarina lundeKATARINA LUNDE (Stord/Kvinnherad/Bergen)
Katarina Lunde er ikkje den typiske vokalisten med backingband. Ho komponerer og arrangerer musikk i eit spanande musikalsk landskap, prega av sterke melodiar som festar seg, og stadige overraskelsar både harmonisk og rytmisk. La deg bli dratt med inn i Katarinas musikalske univers og opplev magien.
Slik lyder tidlegare omtalarar sitt ord. #magi
Bandet oppstod på Høgskulen Stord/Haugesund for tre år sidan, og består av dyktige musikarar som er kjent fra Bergen og gjennom band som Seven Impale, Shaman Elephant, Kongle og Ossicles:
Katarina Lunde (25), låtskriver/vokalist, Jonas Særsten (23) på keyboard, Andreas Tangen (24) på bass, Henrik Nesse (24) på trommer, Morten E. Olsen (23) på gitar/synth og Benjamin Mekki Widerøe (24) på saxofon.
Katarina Lunde skal gi ut en EP i september, og bandet satsar på å spela så mykje som mogleg framover. I løpet av 2018 er målet å spela inn og gi ut eit fullt album.
Me gler oss til både EP og album, men først og fremst til å høyra den melodiøske pop-jazzen deira strøyma ut over Uskedalen på Lambasleppet.

LINN1LINN (Karmøy)
Linn Mæland (22) er ein singer/songwriter frå Karmøy. Det siste året har ho budd i Liverpool, der ho har studert Songwriting på Liverpool Institute for Performing Arts, kanskje betre kjent som Paul McCartney-skulen. Etter eitt semester der, er ho no klar for å ta fatt på livet som sjølvdrivande artist.
LINN starta karrieren med songtimar i kulturskulen som fjortenåring, og deltok i fleire lokale musikaloppsettingar. det største ho har vore med på så langt er å varme opp for den norske artisten og rapparen Kaveh, samt å gi ut ein song saman med rap-duoen Demeo, som no har bytta namn til Kalo. Låta dei gav ut heiter See Me Now.
I framtida vil LINN halda fram å utvikla seg innanfor musikk og finna sin stil. Målet er sjølvsagt å få så mange jobbar som mogleg, både i studio og på scena. Som artist blir ho inspirert av artistar som Tori Kelly og Carrie Underwood, men er tydeleg på at ho vil setta sitt eige preg på musikken og skrive låtar ut frå sitt eige livs erfaringar og opplevingar.
Med gitaren i fanget, eller ved pianoet sit ho, og lar vakker musikk oppstå. Settet ho skal servera på Lambasleppet vert akustisk, med gitarakkompagnement. Det er spesielt eitt ord som kan oppsummera det som ventar, dette vert absolutt #nydeleg.

TwoFaceTWOFACE (Kvinnherad)
Brede Grønningen og Lasse Digranses er de unge herrer bak produsentduoen TwoFace.
Brede og Lasse byrja i fjor sommar og forfølje ein felles draum. Å bli proffe musikkprodusentar med musikk som alle går å nynnar til. Dei har begge spelt i rockeband og Lasse har tidlegare spelt på Festidalen med bandet The Wave. Begge har spelt mykje gitar, og har no gått over til digital produksjon.
Meldinga frå duoen er som følgjer:
«Vi har eit felles mål i å nå så mange som mogleg med musikken vår, og gi lyttarar ei god oppleving. Vi vil lage musikk som dei kan spele til seg sjølve og draume seg vekk i, få dei til å senkje skuldrene og berre nyte livet.»
TwoFace gler seg til å visa Kvinnherad deira potensiale, og me gler oss til å høyra!
#nyt_livet

SLEEPWALKERS (Fusa)
Me er eit rock’n roll band frå Fusa, og har spelt saman i om lag to år. Me har blant anna gått heilt til bergensfinalen på Emergenzafestivalen, og klatra der opp blant dei 5 beste. Me speler sjølvskrivne låtar i 80-tals stil.
Det som er fint med åttitalet, er nettopp dette. Sleepwalkers har energinivå og attitude som ein blir riven med av. Her får ein skinnbukser og baris, mykje hår og headbanging, og på toppen av kirsebæret; feite riff. Beint fram rock’n roll, servert akkurat slik me likar det, av eit knippe ungdommar som tydeleg diggar å herja på scena.
#attitude_of_rocksleepwalkers verftet
Bandet består av Natasja Smørholm (16) på vokal, Marius Nilsen Kleppe (19) på gitar, Idar Rolland (17) på slagverk, Even Engevik Lygre (16) på gitar og Andreas Nilsen Kleppe (17) på bass.