8. desember 2017

Lars Vaular, Hkeem & Fanny Andersen

Tida for tradisjonar er her. Nøtter skal knekkast, og eitkvart skal eltast og kjevlast ut. Handballjentene plukkar gullet heim og Sølvgutane kaukar jola inn. Bjeller dinglar over alt, og hovmesteren får seg ein klunk for mykje kvelden før kvelden. Igjen.

Vestlandsvinteren kan kjennast lang og sur. Då er det deileg med varme jolekveldar inne, saman med familie og flesk. Kva passar ikkje betre då, enn å sjå fram mot sommar, sol og soaialitetar? Festidalen har ein draum om å inngå i dine tankar om sommaren 2018, så her kjem fyrste drypp av artistar. Det er vår førjulstradisjon.

Tre stjerner på ulike stadium i karriera si. Den etablerte. Den nyfunklande. Og den stigande. I tre ulike stilar av det breie popfeltet. Til Festidalen 2018 kjem Lars Vaular, Hkeem og Fanny Andersen. Heilage Maria kor me gler oss!

Lars Vaular er eit kraftsenter i norsk hiphop. Ein hylla hitmaskin. Duden sel ut salar og festivalar landet over. Radio og tv elskar han. Publikum elskar han. Og Festidalen elskar han. Til sommaren lovar han å levera tidenes show i Kvinnherad. Tidlegare har Vaular vunne hedersprisen på P3 Gull og Spellemannsprisar i fleire kategoriar. Lars pusher grenser, tar sjansar og er ein kompromisslaus kunstnar. Få avsluttingskonsertar på Øya har fått meir positiv merksemd enn den han gjorde i fjor. Og i april skal 10 år med hits og stor kunst feirast med eit gigantisk show i sjølvaste Oslo Spektrum. Ein legende verdig.

Hkeem aka Abdulhakim Hassane er ei ny og funklande stjerna på den norske musikkhimmelen. Og han rasar fram i sporet for å erobra skandinavias øyrer. 2017 har vore Hkeem sitt år. Hiten ”Fy Faen” er alt snurra over 30 millionar gonger på Spotify, trass den korte tida den har vore tilgjengeleg! I tillegg til å havna på viral-lista i 12 land og topp 10 på den globale viral-lista! Dette er lydsporet til søte kveldar og gode stunder, rytmar til vorspiel, fest og nachspiel.

Fanny Andersen, ei stigande stjerna med framtida i si røyst! Utan verken plateselskap eller management i ryggen klaska Fanny debutsingelen ”KIDS” i bordet seint i 2016. Og med det var mykje gjort. Musikkbransjen sikla i beundring for det sinnsjuke talentet. Alle vil ha ein bit av Fanny. Og på Festidalen får du oppleva dette fenomenet i full prakt! Følg med , dette er ein artist med eit enormt potensiale. Kommande norsk dronning av EDP (Electronic Dance Pop).

Slit du med å finne på kule julegåver til venner, familie eller til deg sjølv? Tinga billettar til Festidalen! Det er skikkeleg enkelt på nettsida vår. Og totalt fritt for køar og tamme jolalåtar.

Nyt høgtida, gode vener!