20. juli 2017

Lokal lunsjtallerken

Gode råvarer og kjempegreie leverandørar gjer at vi kan tilby lokalt snadder i pausen under næringsseminaret, både til å bita i og til å supa av. 

Ost frå Myrdal Gard (internasjonalt oppegåande ost frå Tysnes), spekemat frå Friheim Gardsmat (optimal spekemat frå øvst i Uskedalen), sundepølse frå Sundepølsa (say no more),  knallbrød frå Landsbybakaren (bakaren i landsbyen Sæbøvik) og sjømat frå Hjønnevåg (vestlandets beste sjømat, spør du oss).

Dette eventyret av smakar vert dandert som berre Festidalen kan dandera. Attåt dette kan vi skilta med omvikedalsk øl frå Mykle Mikrobryggeri og Alde sider frå Bleie Gard i Nå.

Det blir svære greier.
Festidalens næringsseminar, altså. Ikkje berre kloke ting å høyra, men gode ting å smaka.

Gled dykk!