18. mai 2017

Næringslivs­seminar

På årets Næringslivsseminar opnar me opp for aktørar som bidreg til å skape eventyr for deg og meg. Du får møte aktørar som på kvar sitt vis gjev oss tilgong til dette vidstrakte landet vårt og ikkje minst korleis ein kan nytte seg av det vakraste me har å by på, og samstundes leve av det. Eit mangfald som presenterer sjø, fjell, natur. Me i Festidalen elskar det og gjennom Næringslivsseminaret har me fokus på det me likar best; Rock, fjell, kjærleik.

Rosendal event
Ekteparet Sjur og Laila Langesæter, etablerte seg i 2016 med eige selskap, Rosendal event. Korleis gjera det ein likar aller mest og samtundes gjere det om til noko å leva av? Møt ekteparet som har fulgt draumen om å leva tett på naturen og kvar dag har opplevingar som me alle skulle hatt kvar dag.

NCE Tourism – Fjord Norway
Norway in a nutshell har blitt eit omgrep som mange er kjend med. Fjord Norway, har sett det ut i livet, og står bak ei eventyrleg satsing på dei fire vestlandsfylkene. Selskapet har som mål av seg å verta det mest profesjonelle destinasjonsselskapet in Europa, og gjera Fjord Noreg til verdas mest attraktive resiemål for natur og opplevingsferiar. No kjem dei hit, og vil setja Uskedalen på kartet.

Lars Monsen
Mannen som likar seg bedre i soveposar enn i senga si, mannen som omgir seg med natur, bjørnar og ulvar, mannen som har gått Noreg og Alaska på langs, delteke i Iditarot og Finnmarksløpet fleire gonger. Mannen som tek med seg funksjonshemma på tur og gjev dei ei mestring ingen skulle tru dei hadde i seg. Lars kjem hit, Lars Monsen, til Uskedalen, til Næringslivsseminar. Han vil dela av sine erfaringar, om korleis ein kan setje seg høge mål, tore å vera annleis, tøye eigne smertetersklar samstundes som ein skal vise lagånd, halde på gode verdiar overvinne eigne motforestillingar om kva ein kan meistre. Det er som teke ut av ei lærebok om leiing. Uansett, me gler oss. Dette blir vilt og vakkert. Kom og høyr Lars sitt foredrag om at ”Alt(faktisk) er mulig” 

Color line
Me har sikkert alle vore der, reist i frå Bergen til Newcastle, teke båten frå Kristiansand til Hirthals, eller kanskje me berre tok turen i frå Sandefjord til Strømstad? Color line er Noregs største cruise og godsselskap, og sysselsetter i dag 2300 personar. Color line vil representera det våte element på Næringslivsseminar og ta deg med på cruise i ein gymsal. Me kjem, kjem du?

Bergen2017 (Sykkel-VM)
Erik K. Halvorsen kjem og skal snakke om VM. Tenk eit VM her, i vårt heimfylke, ein av dei største sportsarrangementa i verda. Hovudutgongspunktet for arrangementet er å ha fokus på sykling, Bergen, fjordane rundt, vestkysten og feiring. Saman utgjer dette ein folkefest som vil vise Noreg fram frå si beste side, samstundes som det vert skapa konkurranse og spenning i Noregs vakraste by.