8. juni 2018

Næringslunsjen anno 2018

Næringslunsjen er staden for sosialisering
For årets kjekkaste oppdatering
Årets tema er digitalisering
Og noko så eksotisk som journalistrobotisering.

For å fylgja med treng vi kortreist mat
Flott dandert på freistande fat.
Innhaldet på lunsjen er langt i frå smalt
Og alt er sjølvsagt produsert lokalt.

Elins matgleder står for tilberdning og meny
Av alt det flotte lokale leverandørar kan by.
Her er det berre å trø inn i skolten
Så her gjeld det å vera svolten!

Elin stiller med syltetøy og gele av hylle og syrin
Og hylleblomstsaft betre enn den flottaste vin.
Hjønnevåg er som alltid heilt i teten
Og stiller med den beste peparlaksen på planeten.

Friheim gardsmat har spandert sine beste får
Til å laga spekepølse og fenalår.
Saltmaten kan nytast bar
Og attåt ruccola frå sjølvaste Kjærland Gard.

Elias Hasan på Sandvoll har glade frittgåande høne’
Som går rundt i klogge’ etter det vi skjøne.
Eggstremt bortskjemte med godt for
Har dei vore verpesjuke sio’ Festidalen i fjor!

Nede på Sonde ligg Våge Gartneri
Som har svære drivhus med godsaker i.
Smaksløkane kjeme te å dansa mazurka
Attåt cherrytomate’ å sprø agurka.

Meret Guddal på Seim har fullt belegg
Med ivrige vaktlar som har lagt vaktelegg.
Og nærare himmelen kjem du ikkje i år
Når du får smaka ung geitost frå Myrdal Gård.

Dette kan vitna om gyllne tider
Når du kan skylla det ned med Alde Sider.
Chul Christian Aamodt kjem til å bli religiøs i stunden
Og kjem til å kjøpa seg leilegheit i Ospelunden.

Sit du der heime og siklar nå?
Då er det berre å melda seg på!
Bestill på nettet i dag, ikkje vær sjenerte
-ja for dåke er vel allereie digitaliserte?

Helsing den raskaste poeten i norge
-for Festidalen, Arne Torget

Meir informasjon om årets næringsseminar finn du her