20. juli 2017

Næringsseminaret – Alt er mulig

Næringsseminaret er ein viktig del av Festidalen, og vi prøver kvart år å sette i stand eit program for både enkeltpersonar og bedrifter. Vi inviterer politikarar, bedrifter og privatpersonar.

I år lukkast vi endeleg med å få tak i Lars MonsenLars Monsen vil avslutte Næringsseminaret med ein heil time foredrag som har tittelen «Alt er mulig», ei inspirasjonskilde for både bedrifter og den enkelte.

Temaet «Alt er mulig» er også noko dei andre foredraga vil kome inn på. Vi har denne gangen invitert bedrifter som klarar å utnytte ressursane rundt seg på best mogeleg vis.

Vårt «lokale alibi» er relativt nyoppstarta Rosendal Event av ekteparet Sjur og Laila Langesæter.  Tett følgt opp av et hav av erfaringar av Jan Helge Pile frå Color Line.

Vi er også stolte over at Markeds og kommunikasjonsdirektør for Sykkel-VM i Bergen, Erik Kubon Halvorsen, har tid til å komme til vesle Uskedalen så tett på VM. Han vil fortelle oss korleis Bergen har jobba for å bli verts-by for eit av verdas største arrangement.

Dag Jarle Aksnes er direktør for NCE Tourism – Fjord Norway. Dei har en flott målsetning om å «kople sammen en verdensledende turistnæring ved fjordene» – Her bør vi vel alle ha noko å lære når det gjelder nettverksbygging.

Seminaret blir leia av ordførar Peder Sjo Slettebø og Nils Trygve Markhus.

Ta oppvarminga til ein fantastisk festivalhelg hos oss med topp-klasse føredragshaldarar, møt gamle kjente, nyt lokal mat og drikke.

Dei som ønsker faktura for seminaret kan melde seg på ved å sende mail til seminar@festidalen.no
Det er også mogeleg å kjøpe billett på Ticketco.