13. desember 2016

Odd Nordstoga, Bottlecap & Spidergawd

Medan resten av oss har sprunge rundt med snikande feber og kraftig innbytar puls på dei store handleria rundt om, så har bookinggjengen i Festidalen lurt seg til ein solid trio i programsekken. Det er med stor glede å kunne presentere dei første artistane på neste års plakat:

Spidergawd
Som dei fleste veit så er Festidalen rimeleg svak for god gammal rock.  Difor er det så stort at Spidergawd tek turen til Kvinnherad i sommar.  Desse karane leverer ein herleg kombinasjon av 70-tals groove, blues og britisk metall, inspirert av heltar som Dio, Motorhead, Thin Lizzy, Iron Maiden og Judas Priest. Kombinert med eit energinivå som kan ta pusten av dei fleste så blir dette noko å verkeleg få med seg.

Om ulukka sku vera ute, og du oppdagar at tante Jenny har gløymt julepakke til deg i år igjen, så frykt ikkje. Spidergawd slepp ny plate i februar (Spidergawd IV). Det er berre til å gle seg.

Bottlecap
Festidalen er opptatt av integrering og likar utlendingar.  Til og med svenskar, og vi gler oss stort til å ta i mot svenskane frå Bottlecap og Gøteborg på Dønhaug. Med Bottlecap får du servert meir høgenergisk kvalitetsrock, med ein punch som ikkje liknar grisen. Det er ikkje utan grunn nettsida deira har overskrifta «In your face rock». Eit lyttartips før du set deg ned føre peisen med eit kaldt glas sjokomelk: «Set me on fire», «I don’t like you anymore» eller kanskje «Bomb Science»?

Ikkje noko lett val, men det vi definitivt er sikre på er at ein bør kle seg lett til sumaren, for detta blir heitt!

Odd Nordstoga
I dei seinare åra har vi hatt nokre verkelege store og feite indrefilear til forrett. Med det meines kjende band og artistar som har sørga for eit yrande folkeliv på jordet  – rett frå avspark. Det vil det definitivt bli i 2017 også. Ein av dei aller flinkaste vi har i musikknoreg, Odd Nordstoga, tek med seg bandet sitt og spelar opp til dans laurdag 5.august.

Det er umogleg å ikkje la seg sjarmere av forteljarkunsten til karen frå Vinje. Og det heile sjølvsagt på nynorsk. Bigtime lizzm! #elsk