16. mars 2017

OnklP & De Fjerne Slektningene, Ary og Daniel Kvammen

Sjarm og feststemning. Hit etter hit. Ary gir kvelden smaksrik dybde og magi.

Etter å ha spelt for millionar av tv-sjåarar verda over med låta Endelig Hjemme på Cecilia Brækhus sin Homecoming i Oslo Spektrum, hiv OnklP & Slekta seg rund og turnerer landet med toppa lag og friske låtar i sekken. Sommaren 2017 tilhøyrer denne gjengen.

Bandet har gjort sjangerfusjonen rap/rock megapoppis, og treft eit enormt publikum med hits som Styggen på Ryggen, Panderosa og Myk Landing. Sidan debuten i 2014 har Slekta blitt eit fenomen og ein sensasjon i Noreg, med tre strake album, eit dryss av prisar og nominasjonar, hits som grensar til landeplager, og ikkje minst ei endelaus rekka med utselde konsertar. Forutan samanhengande listing på radio sidan debuten, har gjengen generert fleire titals millionar streams. Men f*%^ radio og streams, det er live OnklP & Slekta må opplevast. Tidenes slektstreff på Dønhaug!

Ary er sjef. Ary er mot og styrke kamuflert i mjuk eleganse. Moderne, drøymande og esoterisk elektropop for villige hopper og hingstar. Mellom fjella våre, ved fjorden vår, spår Festidalen at denne konserten framkallar både gåsehud, romantikk og ein himmel full av nordlys. Oi, gløymde me å nemna at det sjølvsagt var Ary som hadde den sjukt kule introlåten til TV-serien Nobel?

Med låten Du fortenar ein som meg i 2015 traff Daniel Kvammen Noreg i hjarterota. Debuten var ein sann suksess, og duden spela ein smørfeit søndagskonsert i havna under Festidalen. No i 2017 kjem han attende, og det med meir snop i posen: nytt album, overveldande skryt frå kritikarar og den ferske radiohiten Me dansar ikkje for moro skyld. Daniel startar Festidalen 2017,  goodtimes frå morgon til kveld. Kom tidleg, og bli til seint.