29. mars 2018

Påskequiz; vinn festivalpass!

Sola skin i Kvinnherad, det er påske, snø i fjellet og bare 3 månadar til Festidalen 2018 går av stabelen. Så vi meiner ein påskequiz er på sin plass.

Svar på spørsmåla under og bli med i trekninga av eit påskeegg fylt til randen av candy og helgepass til Festidalen 2018!

Send svara dine til post@festidalen.no innan laurdag 31.mars, så trekker vi ein vinnar sundag 01.april!

KØYR QUIZ:

  1. Nemn to artistar som stod på scena under Festidalen 2017.
  2. Kva er den mest spelte sangen til Kamelen?
  3. Kva helg er Festidalen 2018?
  4. Har Festidalen festivalcamp?
  5. Kor mange frivillege jobbar under Festidalen kvart år?
    1) 350  2) 750  3) 550
  6. Kor mange gongar har Festidalen blitt arrangert?
    1) 10 gongar 2) 13 gongar  3) 11 gongar
  7. Kva er slagordet til Festidalen?
  8. Kor mange artistar står på scena under Festidalen 2018?
  9. Kor mange liter øl vart det seld i løpet av Festidalen 2017?
    1) 4080 liter  2) 3062 liter  3) 2109 liter
  10. Kva gler du deg mest til?

 

 

Ein strålande påske til alle mann alle!