15. februar 2018

Raga Rockers og Fagernes Yacht Klubb

Med Raga Rockers og Fagernes Yacht Klubb på plass, er Festidalen omlag halvegs i programmeringa. Frå før er Hkeem, Fanny Andersen, Lars Vaular og I am K sikra. Og no går det fort. Berre småting står att før plakaten er full.

Raga Rockers er ein bauta i norsk rock. Bandet står breibeint og støtt i både fortida og framtida til sjangeren. 17 plater og ein million konsertar i ryggmargen gir resultat. Kvart år kjem nye generasjonar fans krypande til. Klassiske låtar og kronisk skråblikk levert av Kong Krohn i front gir alltid ei sterk oppleving. Ei klippe av eit rockeband mellom uskedalsfjella. Dette vert storslått. Me bikkar inn i det siste junidøgeret med låtar som ”Forbudte Følelser”, ”Hun Er Fri”, ”Noen å Hate” og ”Slakt” veltande ut frå scena. Glede!

Det er ikkje ofte Festidalen hyrer inn coverband. Det kjem heller ikkje til å bli ein ny trend. Men med Fagernes Yacht Klubb tilgjengelege, kjendes det rett og slett som umogeleg å motstå. Dette er tidenes partydrink! Ein stor dose lettbeint synth, ein dæsj frekk gitarsolo, ein heil del småerotisk saksofon, ein neve pulserande bass, ein god kvast nydeleg koring og euforisk allsong. Alt dette shaka med ei solid 70-80tals-kraft. Her vert det sydenkjensle, opne skjorter og ein lang og svett hit-parade. Frå Lionel Richies ”All Night Long”, via Journeys ”Don’t Stop Believing” til Toto sin ”Africa”. Framført av høgt elska musikarar som Miss Tati, og medlem frå Kakkmaddafakka og The New Wine.

Dette blir med andre ord, ROCK, FJELL, og MYKJE KJÆRLEIK!