Vi er stolte av å presentera ferske og up and comming artistar i 2016. Dei skal være med å visa kva regionen vår Sunnhordaland og Hardanger, har å vera stolte over. Festidalen skal lyfta dei opp og visa dei fram. Dei tar i år sats frå fjøresteinane i Uskedalen laurdag 6.august.
Edith Emilie Backer-Owe frå Odda. Med ei stemme og ein musikalitet som gir assosiasjonar til band som Daughter og Ben Howard. Ho kjem på scena med flett nytt og eigeprodusert materiale.
Amund Håland Trio frå Tysvær spelar eksperimentell blues/ jazz/ folk/ reggae/ country.Amund Håland, har gitt ut plata \»2014\» hausten 2015, med låtar som inneheld ei blanding av sampling, akustiske instrument og elektroniske instrument. Han jobbar for tida med nye låtar med meir elektronisk preg, men framleis godt blanda med akustiske instrument.
Andreas Bjørsvik frå Valen jobbar med eigen EP og vil presentare materiale fra den. Den 17 år gamle valebuen Bjarne Trondsen med artistnavnet CT har drevet med rap i 7 år.
Pop/rock bandet Folty Loft med vokalisten Lars Jacob Eide Helland frå Fitjar vart danna for om lag 3 år sidan, då fire lærarstudentar fann kvarandre i musikkundervisninga. Bandet består av Ola Rui Nygard (trommer), Theodor Ikonomou (gitarist og låtskrivar), Fredrik Bjerkeli (bass) og Lars Jacob Eide Helland (vokal og gitar).
Bandet Like a Great Big Sexy Genius består av Felix Lerengen (Vokal), Espen Johnsen (Gitar) frå Sunde i Kvinnherad , Stian Rostad (Gitar), Fredrick Mulligan (Bass), Esbjørn Nes Kolstad (Trommer). Lyden kan definerast som alternativ rock på kanten til metall, med inspirasjon fra blues og prog.
Møblos frå Odda er eit eksplosivt hard rock band med føttene godt planta i 60 og 70-talls rocken. Bandet består av Patrick Sørensen (Vokal), Odd Erlend Mikkelsen(Gitar), Vegard Strand (Gitar), Jakob Hernar (Bass) og Sondre Utgård (Trommer).
Vi legg alle klutar til for at dette skal bli ei oppleving både for deg som kjem langveis frå for å oppleva god musikk, men og for banda og artistane som står på scena. Panel av kompetente rådgjevarar som gjev artistane tilbakemelding på spelejobben og råd til vidare arbeid , innspeling i studio, eige festidalenstipend, spelejobb på Hundre dagar, og eige kompetansehevingseminar for deltakarne er bare nokre av dei tinga Lambasleppet gjev artistane som står på scena.