Festidalenburger 100kr

Vi tullar ikkje med burgarar på Festidalen.
Uskedalsburgaren, eller “den burgaren” er ikkje som andre burgarar.  Ultralokale storfe frå oppi dalen lever sorglaust i Uskedalen heile året før dei vert foredla til framifrå kverna kjøt. Dei vert grilla over kol og pakka inn i brød frå ein lokal bakar saman med knasande grønnsaker og ein himmelsk dressing.
For dei som ikkje et kjøt, griller vi saftige veggisburgarar.

Festidalen pølse 60kr

Den råaste grillpølsa er spesiallaga av den lokale pølsemakaren for årets Festidalen. Den kjem til å gi deg ei smaksoppleving av ein annan dimensjon.  Pølsa har smak av handplukka ramslauk, lokale eple og eit hint av sennep.  Bakaren stiller med spesialbakte pølsebrød for å gjera opplevinga komplett.

Fiskeburger 100kr

Den beste fiskeburgeren får du på Festidalen. Lokalprodusert sjølvsagt,  i luftig brød frå bakaren. Den vert servert med ferske grønsaker og toppa med ein fantastisk dressing med hint av Asia.

Baguett med fiskemat 60kr

Berre litt sulten seier du? For deg som ikkje ynskjer varm mat fyller vi nybakte baguettar med deileg krydra fiskefilet , friske grønnsaker og kokkens silkemjuke dressing.

Iskrem 35kr

For dei som kjenner behovet for noko søtt etter middagen eller attmed kaffien serverer vi kortreist økologisk iskrem frå Herøysund.

Kaffi 25 kr

Treng du noko å varma deg på?  Nybrygga og rykande varm kaffi. Tek du vare på koppen gir vi deg gratis påfyl heile kvelden.